Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1515 (2018-2019)
Innlevert: 26.04.2019
Sendt: 26.04.2019
Svart på: 03.05.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Stortingsfleirtalet har avgjort at alle unntatt 3 Bell 412 skal flyttast frå Bardufoss til Rygge, som i realiteten medfører at Hæren vert utan dedikert militær helikopterstøtte.
Vil statsråden setje i gong arbeidet med ein heilskapleg helikopterstudie som avdekkar kva behov Hæren har, og utgreier ulike løysingar for å sikre Forsvaret sitt behov for helikopter?

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg syner til brev frå Stortingets president av 26. april 2019 med spørsmål frå stortings-representant Liv Signe Navarsete om statsråden vil setje i gong arbeidet med ein heilskapleg helikopterstudie som avdekkar kva behov Hæren har, og utgreie ulike løysingar for å sikre Forsvaret sitt behov for helikopter.
Regjeringas tilråding frå 2016 om disponering av Bell-helikopter, som Stortinget har slutta seg til, baserer seg på fagmilitære tilrådingar om korleis Bell-412 kapasiteten best kan utnyttast. Eg har no gitt forsvarssjefen i oppdrag å gi råd om korleis Forsvaret bør utviklast for å løysa oppgåvene sine i ein stadig meir kompleks og krevjande sikkerhetspolitisk situasjon. Eg har bedt om at tilrådingane til forsvarssjefen finst innan 8. oktober 2019 og at dei blir offentleggjorde. Forsvarssjefen vel sjølv korleis han vil gjennomføra utgreiingane.
Når forsvarssjefens har gitt sine fagmilitære råd, vil regjeringa vurdera desse i ein heilskapleg samanheng. Regjeringa tar sikte på å fremma tilrådingane om ny langtidsplan for forsvarssektoren til Stortinget våren 2020.