Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1163 (2018-2019)
Innlevert: 07.03.2019
Sendt: 07.03.2019
Svart på: 15.03.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Regjeringa har teke initiativ til ei omorganisering av trafikkstasjonane, og konsulentrapporten om dette har skapt stor debatt og motstand.
Når blir den framtidige strukturen til trafikkstasjonane avgjort, og vil Stortinget få denne saka til behandling?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa sette i 2017 i gang ein områdegjennomgang av Statens vegvesen. Denne gjennomgangen viste eit betydeleg potensial for å effektivisere og modernisere mellom anna trafikant- og køyretøytenesta i etaten. Dette er i samsvar med tidlegare vurderingar Statens vegvesen sjølv har gjort.
Når stadig fleire tenester kan gjerast via nettbaserte løysingar utan krav til fysisk oppmøte på ein tenestestad, må dagens tenestetilbod tilpassast for å sikre mest mogleg rasjonell og effektiv drift i tråd med brukarane sine forventningar. Det blei derfor gitt oppdrag til Statens vegvesen om å utarbeide forslag til ny tenestemodell og –struktur for trafikant- og køyretøytenestene. Dette arbeidet har frist 10. mai i år.
Eg vil no vente på Statens vegvesen sitt forslag og vurdere dette nærmare når rapporten deira ligg føre.
Det er likevel viktig å peike på at Statens vegvesen også framover skal vere til stades rundt i landet, slik at brukarane får utført dei tenestene dei treng. For å oppretthalde eit godt tilbod skal Statens vegvesen derfor komme opp med forslag til kompenserande tiltak for tenester som krev fysisk oppmøte, dersom ny struktur gjer lengre reiseveg enn før. Lokalisering av tenestestader og einingar i Statens vegvesen, vil bli vurdert i tråd med retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon.