Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:695 (2018-2019)
Innlevert: 09.01.2019
Sendt: 09.01.2019
Svart på: 17.01.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden vise til det eksplisitte vedtaket som skal erstatte vedtaket framforhandla i langtidsplanen angåande flytting av Bell 412 helikopter frå Bardufoss til Rygge?

Grunngiving

Viser til statsråden sine svar i spontanspørjetimen 09.01.2019 der han viste til vedtak frå 17. desember 2018 som erstatta vedtaket knytta til Bell 412 i Langtidsplanen.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Gjennom behandlinga av Innst. 50 S (2017–2018) og Prop. 2 S (2017–2018), «Landmaktproposisjonen», fatta Stortinget 5. desember 2017 tre vedtak knytt til delt helikopterløysing for Bell 412-helikoptera. Som Stortinget oppmoda om, la regjeringa i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2018 fram sitt forslag til løysing som følgde opp dei tre oppmodingsvedtaka, jf. Prop. 85 S (2017–2018).
Ved behandlinga av Innst. 400 S (2017–2018) til Prop. 85 S (2017–2018) bad fleirtalet i Stortingets utanriks- og forsvarskomité om at regjeringa gjer ein samla gjennomgang av dei føresetnadene som låg til grunn for landmaktforliket, og skisserer korleis desse kan gjennomførast innanfor den fastsette ramma for langtidsplanen, og kjem tilbake til Stortinget på egna måte.
I Prop. 1 S (2018–2019) for Forsvarsdepartementet har regjeringa svara grundig ut Stortingets førespurnad i proposisjonens del I, 1.2 om landmaktas vidare utvikling, og såleis følgd opp Stortingets oppmodingsvedtak. Dette var eg også tydeleg på i mitt innlegg under stortingsdebatten 13. desember 2018.
Sjølv om eit mindretal på Stortinget var ueinig i regjeringas løysingar, og difor fremja eigne forslag, hadde ikkje stortingsfleirtalet merknader i Innst. 7 S (2018–2019) til regjeringas utgreiing og anbefalingar om Bell 412-helikoptera.
Regjeringa vil i 2019 starte arbeidet med å etablere ein delt løysing med 15 helikopter på Rygge og tre helikopter på Bardufoss for å ivareta økt helikopterkapasitet til spesialstyrkane, og som også gir Hæren helikopterstøtte frå Bardufoss. Forsvaret vil føre vidare beredskapen med ein times responstid for politiet i Nord-Norge inntil alternativ løysing er på plass.