Skriftleg spørsmål fra Tonje Kopstad (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:117 (2018-2019)
Innlevert: 11.10.2018
Sendt: 12.10.2018
Svart på: 19.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Tonje Kopstad (SV)

Spørsmål

Tonje Kopstad (SV): I Jeløya-plattforma har regjeringa stadfesta eit mål om at 30 prosent av godstransporten skal overføras frå veg til sjø og bane, men vi registrerar at det i Prop. 1 S, ikkje er foreslått nokon tiltak for å gjere godstransport på jernbane meir lønsam - vi reknar med at regjeringa er einig i at det overordna målet er at klimautsleppa skal kuttast, og derfor ønskjer vi svar på kva regjeringa vil gjere for å styrke jernbanens konkuransekraft mot veg?

Grunngiving

Det har blitt gjort kjend at Noregs største transportør av gods på jernbane, NSB-eigde CargoNet, skal kutte i både rutetilbod og tilsette. CargoNet avlastar norske vegar med ca. 177 000 lange trailerturar i fjor, som svarar til ca. 700 trailerar kvar dag. CargoNet utfordras av køyrevegavgifta som har store økonomiske konsekvensar. Utfordringane til CargoNet handlar også om regularitet på jernbanen. Dei ønskjer å køyre både lengre og tyngre tog, og dei ønskjer ei raskare framføringstid.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa si ambisjon om å overføre 30 prosent av dei lange godstransportane over 300 kilometer frå veg til sjø og bane er noko eg tek alvorleg. I nasjonal transportplan 2018-2029 legg me opp til å bruke heile 18 milliardar kroner på ein godspakke som inneheld ulike tiltak for å legge til rette for gode rammevilkår og styrke konkurranseevna til godstransport på jernbanen. Derfor legg vi også til rette for godstransport på jernbane. Godsvolumet som går på jernbane er på 4 mrd. tonnkm. i 2017 mot 3,4 mrd. tonnkm. i 2013 Eg er heilt usamd med at det i Prop 1 S ikkje er tiltak som bidreg til godsoverføring. Under denne regjeringa har vi auka vedlikehaldsbudsjetta til norsk jernbane med 3,4 mrd. kroner inklusiv ERTMS. Også for 2019 aukar løyvingane. Det bidreg til betre oppetid på infrastrukturen. Gjennom utskifting av signalanlegget til ERTMS vert det no investert på ein måte som bidreg til å få ned feil, og dermed styrker forutsigbarheita ved bruk av tog. Vi brukar også midlar til å betra fleire terminalar. Planleggingsmidlar på prosjekt som seinare vil auke kapasiteten i infrastrukturen og utbygging av dobbeltspora jernbane er alle investeringar som også godstrafikken har stor nytte av.
Med denne regjeringa er jernbanesatsinga på rett spor, det vil også godstrafikken ha nytte av.