Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1959 (2017-2018)
Innlevert: 28.06.2018
Sendt: 28.06.2018
Svart på: 03.07.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden stadfeste at forsvarssjefen i det komande arbeidet med forsvarssjefens fagmilitære råd får mandat til å fungere som etatsjef og fritt leggje fram sitt forsvarsfaglege råd til Forsvarsdepartementet utan at arbeidet vert leia eller styrt, og konklusjonane dermed overstyrt, frå departementet si side?

Grunngiving

Nettstaden AldriMer.no skriv i dag at Forsvarsdepartementet sjølv vurderer å styre arbeidet med FMR. Gjennom ein slik modell vil alt forsvarssjefen legg fram vere godkjent av departementet på førehand. Forsvarssjefen vert i så fall avskilta som sjølvstendig etatsjef og redusert til rådgjevar for forsvarsministeren. Sjølv om Forsvarssjefen skulle akseptere ei slik redusert rolle vil det gjere arbeidet til Stortinget mykje vanskelegare i og med at det vert uråd å skilje dei faglege råda frå dei politiske prioriteringane.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Det har vore praksis å leggja fram langtidsplanar for forsvarssektoren kvart fjerde år. Kvart Storting vil i løpet av perioden få seg førelagt ein heilskap med oppdatering av forsvars- og tryggleikspolitikken, forsvarsøkonomien og andre sentrale tema. Stortinget vert då gjeve høvet til å ta stilling til dei langsiktige måla for forsvarssektoren sin innretning og verksemd. Politisk vedtekne langtidsplanar er eit sentralt fundament for utviklinga av forsvarssektoren.
Forsvarsdepartementet har fokus på implementering av inneverande langtidsplan, Prop. 151 S og beslutninger knytt til Prop. 2 S, som til saman var grundige gjennomgangar av heilskapen.
Forsvarsdepartementet driv kontinuerleg langtidsplanlegging for å utvikla forsvarssektoren vidare. Den kontinuerlege tilnærminga inneber at langtidsplanane ikkje treng lik innretting i kvar einskild plan, men at den kan tilpassast slik at ein kan sjå på saker der det er behov for endring eller ønskeleg å framme ny politikk.
Forsvarssjefen er regjeringa si øvste fagmilitære rådgjevar og vil, gjennom å gje klare fagmilitære råd, ha ei sentral rolle i komande prosess. Forsvarssjefens råd er ein viktig del av arbeidet med å ta fram ein langtidsplan. Arbeidet med ein langtidsplan vert organisert ut frå kva planen skal omhandla.
Denne regjeringa skal leggja fram ein langtidsplan i løpet av denne stortingsperioden. Tidlegare prosessar har vore ulikt organisert, både med omsyn til korleis fagmilitære råd vert teke fram og korleis langtidsplanprosessen er lagd opp. Det er førebels ikkje teke stilling til innretningen på ein kommande langtidsplan eller korleis det fagmilitære rådet skal innrettast. Dei konkrete inngangsverdiane, eventuelle avgrensingar, og prosessane for å ta fram ein ny langtidsplan er såleis enno ikkje klårlagd.