Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:458 (2017-2018)
Innlevert: 06.12.2017
Sendt: 07.12.2017
Svart på: 14.12.2017 av utenriksminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Korleis vurderer statsråden konsekvensane for norsk landbruk av dei ulike forslaga som ligg på bordet i oppkøyringa til ministermøtet?

Grunngiving

I forkant av WTO-forhandlingane i Argentina er det lagt fram fleire forslag til avtalar som forpliktar WTO-landa til å kutte i bruken av landbrukssubsidiar. Mellom anna har EU og Brasil har lagt fram forslag, som med støtte frå Colombia, Peru og Uruguay, inneber å avgrense den handelsvridande støtta til ein fast, men endå ikkje bestemt prosent av produksjonsverdien.

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: På landbruksområdet var det ei rekke forslag som handlar om medlemene sitt forpliktingsnivå ved bruken av jordbrukssubsidiar. Nokre av desse forslaga vil kunne få følgjer for norsk landbrukspolitikk. Noreg har eit høgt stønadsnivå målt både etter produksjonsverdien i jordbruket og våre WTO-forpliktingar, samanlikna med dei fleste andre land. Derfor kan forslag som slår moderat ut for dei fleste, gi store utslag for Noreg. Ministermøtet vart utan resultat på landbruksområdet. Det var aldri truverdige forsøk på å oppnå semje om konkrete resultat som ville medført endring av norsk landbrukspolitikk. Dermed var det heller ikkje naudsynt for Noreg under ministermøtet å forsvare det behovet norsk landbruk har for vern. Vi vil arbeide vidare i WTO for at framtidige resultat, eller rammer for vidare tingingar, tar omsyn til behovet for føreseielege rammevilkår for norsk landbruk.