Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:382 (2017-2018)
Innlevert: 28.11.2017
Sendt: 28.11.2017
Svart på: 05.12.2017 av utenriksminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kven er «andre likesinna medlemer» av WTO?

Grunngiving

15. november spurde underteikna statsråden kva strategiar regjeringa har for å fremje norske interesser i WTO-forhandlingane og kva regjeringa har gjort fram til no? 22. november svarte statsråden at «det synest lite truleg at ein vil oppnå resultat om kutt i jordbrukssubsidiar i Buenos Aires, men regjeringa tar aktiv del i forhandlingane med høg aktsemd, inkludert saman med andre likesinna medlemer, for å fremje norske interesser.»

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Ulike WTO-medlemer er likesinna i ulike spørsmål eller delspørsmål. I fleire jordbruksspørsmål er G10-medlemmene (Japan, Sveits, Sør-Korea, Taiwan, Israel, Liechtenstein, Mauritius, Island) likesinna med Noreg.