Skriftleg spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:701 (2004-2005)
Innlevert: 19.04.2005
Sendt: 20.04.2005
Svart på: 27.04.2005 av kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): NRK har lagt fram årsrapport for 2004 utan å omtale bruken av nynorsk i innslaga.
Sidan NRK ikkje sjølv rapporterer på bruken av nynorsk i si årsmelding, kan kultur- og kyrkjeministeren gi ei oversikt over måloppnåing på bruk av nynorsk i NRK, samla og i dei ulike redaksjonar/avdelingar, og å gi ei vurdering av om dette temaet burde vere av dei faste punkta som skal omtalast i NRK sin årsrapport, m.a. ved å rapportere erfaringar med Nynorsk mediesenter?

Grunngiving

Paragraf 3-4 om NRK si kjerneverksemd omtaler følgjande om språk: "Begge de offisielle målformene skal benyttes. Minst 25 pst. av verbalinnslagene skal være på nynorsk." Eg kan ikkje sjå at NRK nyttar årsmeldinga si til å synleggjere bruken av nynorsk i dei ulike avdelingane. Årsmeldinga seier heller ikkje noko om erfaringane med den nyoppretta avdelinga "Nynorsk mediesenter" som vart opna i 2004, eller andre tiltak som NRK har sett i verk, eller vil vurdere å setje i verk, for å auke bruken av nynorsk i NRK.

Valgerd Svarstad Haugland (KrF)

Svar

Valgerd Svarstad Haugland: NRK rapporterer kvart år nynorskdelen i dei fem hovudkanalane (to fjernsynskanalar og tre radiokanalar). Dette står òg i allmennkringkastarrapporten for 2004 ("NRK i 2004", side 80). Her går det fram at med unntak av NRK2, har nynorskdelen auka i alle kanalar frå 2003 til 2004. Mest markant er auken i NRK1 frå 17 til 23 pst. Tabellen nedanfor syner nynorskdelen i prosent i dei fem kanalane i 2003 og 2004.

Kanal 2003 2004

NRK1 17 23
NRK2 21 19
P1 23 24
P2 19 20
P3 26 28

Denne rapporteringa reflekterer NRKs vedtekter, der det m.a. heiter følgjande: "I sin kjernevirksomhet skal NRKs programtilbud: [...] i hovedsak bestå av norskspråklige sendinger. Begge de offisielle målformene skal benyttes. Minst 25 pst. av verbalinnslagene skal være på nynorsk." NRK har gjennom åra, i forståing med departementet, funne at ein best får fram det rette biletet av nynorskbruken gjennom samla tal for kvar kanal. Det er òg denne måten som best svarar på dei krava som vedtektene stiller.
Nynorsk mediesenter vart opna sist haust. Eg er samd i at rapporten for 2004 burde omtalt senteret, som vil vere svært viktig for nynorsken si stilling i NRK i åra framover - og dermed også i det norske samfunnet generelt.
For første gong vil NRK i år produsere ein nettversjon av årsrapporten. Denne vil famne noko vidare enn den trykte versjonen og vil såleis kunne omfatte omtale av Nynorsk mediesenter.