Skriftlege spørsmål og svar

Liste over skriftlege svar. Skriftlege spørsmål er ei kort spørsmålsform, og dei vert ikkje tekne opp til debatt i Stortinget.

Avgrens utvalet

Finn spørsmål til skriftleg svar etter

Bjørke, Nils T. (1 - 16 av 16)
  • Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:1802 (2023-2024)

    Innlevert: 18.04.2024

    Sendt: 19.04.2024

    Til behandling

    Kva tiltak har departementet sett i verk i etterkant av EOS utvalet sitt brev av 23. januar 2024 om sakshandsamingstida i klagesaker om klarering?
  • Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:2067 (2022-2023)

    Innlevert: 26.04.2023

    Sendt: 27.04.2023

    Svart på: 28.04.2023 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

    Korleis har Justis- og beredskapsdepartementet følgt opp EOS-utvalet si rapportering om auka sakshandsamingstid i klareringssaker hos NSM, og kva styringssignal har departementet gjeve NSM på området?
  • Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:2787 (2020-2021)

    Innlevert: 11.08.2021

    Sendt: 11.08.2021

    Svart på: 18.08.2021 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

    Kva for ny informasjon kom fram i Riksrevisjonen sin rapport om anskaffelser av konsulenttenester i Direktoratet for e-helse som ikkje låg i utgreiinga frå direktoratet som departementet vurderte hausten 2020, og stiller statsråden seg framleis bak direktoratet sin bruk av konsulentar etter at Riksrevisjonen la fram rapporten?
  • Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:2786 (2020-2021)

    Innlevert: 11.08.2021

    Sendt: 11.08.2021

    Svart på: 17.08.2021 av arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen

    Høgsterett slo fast den 2. juli det same som EFTA-domstolen allereie hadde konkludert med, at trygdeskandalen strekk seg attende til 1994. Regjeringa sitt lovutval konkluderte i juni med at folketrygdlova må endrast. Stortinget har bede regjeringa kome attende med ei endeleg avklåring av tilhøvet mellom føresegnene i folketrygdlova og EU-regelverket som vil liggja til grunn for handteringa av tidlegare saker. Korleis vil departementet fylgja opp vedtaket i Stortinget frå mars 2021?
  • Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til landbruks- og matministeren

    Dokument nr. 15:1788 (2020-2021)

    Innlevert: 26.03.2021

    Sendt: 26.03.2021

    Rette vedkommende: Klima- og miljøministeren

    Svart på: 12.04.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

    Verneområda rundt Folgefonna har stor lokal støtte. Støtta heng saman med at det vert drive aktivt landbruk her som tek vare på det flotte kulturlandskapet. Difor er det uheldig at nasjonale myndigheiter - utan å setja seg inn i saka - overprøver lokale vedtak i Kvinnherad kommune og eit samla Folgefonna Nasjonalparkstyre i å gje løyve til at unge bønder skal få dyrka litt av jorda for å halda oppe drifta og produsera mat i desse områda. Vil landbruksministeren ta initiativ for å sikra at dei lokale vedtaka blir ståande?
  • Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:745 (2020-2021)

    Innlevert: 12.12.2020

    Sendt: 14.12.2020

    Svart på: 17.12.2020 av justis- og beredskapsminister Monica Mæland

    Stortingsrepresentant frå Venstre, Terje Breivik og ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo, skriv i Fjordabladet i samband ny domstolstruktur den 9. desember: “Stortinget har også skjerpa inn at bemanninga av rettsstader i distrikta med fire dommarårsverk eller mindre (slik som på Nordfjordeid), skal haldast oppe minst på same nivå som i dag”. Kan statsråden stadfesta dette?
  • Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:744 (2020-2021)

    Innlevert: 12.12.2020

    Sendt: 14.12.2020

    Svart på: 21.12.2020 av justis- og beredskapsminister Monica Mæland

    Kor stor bemanning skal det bli på rettsstadene i Odda og Norheimsund?
  • Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

    Dokument nr. 15:494 (2020-2021)

    Innlevert: 18.11.2020

    Sendt: 19.11.2020

    Rette vedkommende: Distrikts- og digitaliseringsministeren

    Svart på: 27.11.2020 av distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland

    Talet på registrerte sysselsette i statleg forvaltning på Voss har minka med 94 i åra 2013-2019. Nabokommunane Ulvik, Vaksdal, Vik og Aurland har til saman mista 76 sysselsette i statlig forvaltning i perioden. Til samanlikning er talet i Bergen auka med 3 165. Kva er forklaringa på denne endringa; kva for arbeidsplassar er det som har vorte borte i Voss og i nabokommunane, og kva for arbeidsplassar har vorte styrka i Bergen?
  • Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til olje- og energiministeren

    Dokument nr. 15:214 (2020-2021)

    Innlevert: 23.10.2020

    Sendt: 23.10.2020

    Svart på: 28.10.2020 av olje- og energiminister Tina Bru

    Korleis vil overføringa av Røldal Suldal Kraft-anlegget (RSK) til Lyse Kraft DA påverka moglegheita til å gjennomføra revisjon av konsesjonen for anlegget?
  • Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:30 (2019-2020)

    Innlevert: 07.10.2019

    Sendt: 07.10.2019

    Svart på: 17.10.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

    Vil samferdselsministeren syta for at K5 vert bygd med dei stasjonar som er planlagt?
  • Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til justis- og innvandringsministeren

    Dokument nr. 15:1594 (2018-2019)

    Innlevert: 09.05.2019

    Sendt: 09.05.2019

    Svart på: 21.05.2019 av justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr

    Korleis er framdrifta i objektsikringssaka no – og er det endringer ut over det som kom fram i den opne høyringa 27. august 2018?
  • Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til forsvarsministeren

    Dokument nr. 15:1593 (2018-2019)

    Innlevert: 09.05.2019

    Sendt: 09.05.2019

    Svart på: 16.05.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

    Korleis er framdrifta i objektsikringssaka no – og er det endringer ut over det som kom fram i den opne høyringa 27. august 2018?
  • Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:1324 (2018-2019)

    Innlevert: 27.03.2019

    Sendt: 27.03.2019

    Svart på: 02.04.2019 av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen

    Stortinget har ei rekkje gonger peika på at statens leiarlønninger skal vere konkurransedyktige, men ikkje lønsleiande – og det skal leggjast vekt på moderasjon. Meiner næringsministeren sluttpakkane som leiinga i Telenor ga to tidlegare, sentrale medarbeidarar er i tråd med Stortingets føringer ved å gje desse sluttpakkene?
  • Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:652 (2018-2019)

    Innlevert: 20.12.2018

    Sendt: 20.12.2018

    Svart på: 04.01.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

    Vil statsråden ta eit initiativ for å endre bompengeordninga for Vossepakko og Hardangerbrua, slik at næringslivet med tunge kjørety får rabattar som gjer det mogleg for dei å nytte seg av brua?
  • Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til justis-, beredskaps- og innvandringsministeren

    Dokument nr. 15:1945 (2017-2018)

    Innlevert: 27.06.2018

    Sendt: 27.06.2018

    Svart på: 29.06.2018 av justis-, beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara

    Kva vil statsråden gjere for å ta vare på ofra i alvorlege straffesaker som ikkje får handsama sakene sine på grunn av mangel på politijuristar?
  • Skriftleg spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til landbruks- og matministeren

    Dokument nr. 15:1327 (2017-2018)

    Innlevert: 12.04.2018

    Sendt: 12.04.2018

    Svart på: 17.04.2018 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

    Kan statsråden grunngje kvifor fristen for å søkje om produksjonstilskott i landbruket, 15. mars kvart år, er vorte absolutt og utan moglegheit til å søkje etter fristens utløp?