Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Interpellasjon nr. 10 (2020-2021)
Om Direktoratet for e-helse sin bruk av konsulentar frå PwC i samband med ny journal- og samhandlingsløysing for helsetenesta (Akson), og om ei ekstern gransking av direktoratets roller og praksis, med utgangspunkt i Akson-saka
Oversendt regjeringen: 22.09.2020
Svart på: 13.10.2020 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Ny journal- og samhandlingsløysing for helsetenesta, Akson, vil bli landets største digitaliseringsprosjekt. Både fagprofesjonar og IT-miljø meiner Akson er feil løysing. Akson blir også kritisert av Nasjonalt senter for e-helseforskning (NSE). Gjennom media er det gjort kjent at deleigarar i konsulentselskapet PwC gjennom fleire år har fått opptre som statens representant og prosjektleiar i utreiinga av Akson-prosjekt. PwC fekk også konkurrere om anbod som dei sjølv var med på å utgreie. Direktoratet for e-helse har til og med leigd PwC-konsulentar til å handtere og svare på medias spørsmål om Akson. Tilliten til både Direktoratet for e-helse og Akson-prosjektet er dermed svekka.
Stiller regjeringa seg bak e-helsedirektoratet sin konsulentbruk, og vil regjeringa ta initiativ til ei ekstern gransking av direktoratets roller og praksis, med utgangspunkt i Akson-saka?

Les heile debatten