Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til barne- og likestillingsministeren

Interpellasjon nr. 15 (2018-2019)
Datert: 09.11.2018
Spørsmålet er trekt tilbake

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Amming er eit av dei mest effektive tiltaka vi har for å fremme helse og førebygge sjukdom i befolkninga. Amming blir også av WHO løfta fram som eitt av få kostnadseffektive tiltak for å redusere risikoen for ikkje-smittsame sjukdomar. Morsmjølk styrker immunforsvaret og reduserer risikoen for infeksjonar, overvekt og diabetes. For mor reduserer amming risikoen for brystkreft og truleg eggstokkreft. Innføringa av ei tredeling av foreldrepermisjon etter fødsel har ført til ein stor debatt om faren for at likestillingstiltaket vil gå ut over amminga til mor etter fødselen. I tillegg opplever mange kvinner lita ammehjelp på sjukehus og i kommunen etter fødselen på grunn av knapp bemanning og for få jordmødre i kommunane.

Kva gjer regjeringa for å hindre at tredelinga av permisjonen går ut over mor si moglegheit for å amme, og korleis vil regjeringa sørge for meir hjelp og støtte til amming, slik at fleire barn får morsmjølk?

Les heile debatten