Interpellasjon fra Sveinung Rotevatn (V) til kommunal- og moderniseringsministeren

Interpellasjon nr. 30 (2014-2015)
Om å sikre at demokratiet kjem styrka ut av kommune- og regionreforma, og å starte arbeidet med tilpassing av valordninga parallelt med reformarbeidet
Oversendt regjeringen: 16.12.2014
Svart på: 27.01.2015 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kommune- og regionreforma vil medføre endringar i kommune- og fylkesstrukturen. Større kommunar gjev nye utfordringar for lokaldemokratiet, og ein ny regionstruktur vil medføre ei endring av ordninga med valdistrikt som fylgjer fylkesgrensene - og kanskje også på lengre sikt valdistrikta ved stortingsval. Dagens valordning har dessutan mange utfordringar. Noreg har m.a. motteke kritikk frå OSSE ved fleire høve, og det har vore diskusjon om veljarane sitt reelle høve til å påverke listene.
Korleis vil statsråden sikre at demokratiet kjem styrka ut av kommune- og regionreforma, og vil statsråden parallelt med reformarbeidet starte arbeidet med tilpassing av valordninga?

Les heile debatten