Interpellasjon fra Børre Rønningen (SV) til kommunalministeren

Interpellasjon nr. 24 (1991-92)
Datert: 28.01.1992
Svart på: 07.05.1992 av kommunalminister Kjell Borgen

Børre Rønningen (SV)

Spørsmål

Børre Rønningen (SV): "Trass i at Regjeringa ved fleire høve i 1991 signaliserte at det vart arbeidt med ulike gjeldslettetiltak, så visar statistikk for 1991 framleis ein auke av utkastingar frå bustad. Over 4 800 familiar og einslege med betalingsvanskar vart i 1991 kasta ut av sine heimar og dette er 1 300 fleire enn i 1990!
Dårleg økonomi grunna ledighet, dyre lån (høg rente, kort avdragstid, gebyrer) og til dels agressive bankar, er noko av årsaka. Statsbankane er ikkje noko unnatak.
Kva for strakstiltak vil statsråden sette inn for gjeldstynga husstandar, og når vil Husbankens regelverk bli endra med sikte på større handlefridom og smidighet knytt til tiltak som refinansiering, gjelds- og rentefrys, forlenga avdragstid m.m.?"