Åge Starheim (FrP): Eg viser til brev frå Nordfjordrådet til helse- og omsorgsministeren med krav frå Nordfjordrådet om at den pågåande nedlegginga av Nordfjord Sjukehus vert stogga. I brevet går det fram at repr. frå Nordfjordrådet har vore i departementet og fått sterke lovnadar og forsikringar som ikkje harmonerar med det som no skjer i helseføretaket. Når slike lovnadar er gjeve frå statlege styresmakter har eg følgjande spørsmål:
Vil statsråden no gripe inn og stogge nedlegginga/nedbemanninga av Nordfjord Sjukehus?
Begrunnelse
Eg viser til brev frå Nordfjordrådet v/ordførarane i Nordfjord til statsråd Anne Grete Strøm-Erichsen med krav frå Nordfjordrådet om at den pågåande nedlegginga av Nordfjord Sjukehus vert stogga.