En gong i året møter delegasjonen den tilsvarande delegasjon frå Europaparlamentet for debatt og dialog knytt til aktuelle europapolitiske spørsmål og til det parlamentariske samarbeidet mellom Stortinget og Europaparlamentet.
Delegasjonen for samband med Europaparlamentet er frå 17. desember 2015 sett saman av medlemmene av Stortingets utanriks- og forsvarskomité (jf. Innst. 139 S (2015-2016)). Det blir ikkje valt varamedlemmer til delegasjonen.
Kontaktinformasjon
Sekretariatsfunksjonen for Stortingets delegasjon for samband med Europaparlamentet vert teken hand om av internasjonalt sekretariat.
E-post: postmottak.internasjonal@stortinget.no
Stortinget har eit kontor i Brussel med spesielt ansvar for å fylgja Europaparlamentet. Kontoret er bemanna av seniorrådgjevar Per S. Nestande.
Kontoret ligg i Europaparlamentet og har adresse 60, rue Wiertz.
Les meir om Europaparlamentet og den norske delegasjonen.
Nettstaden til Europaparlamentet.
I veke 8 deltok fem medlemmar av Europaparlamentet på det årlige møtet med Stortinget i Oslo. Tema var mellom anna EØS-samarbeidet, brexit, Arktis og det norske barnevernet.
Det var relativt brei semje om behovet for felles europeiske løysingar da migrasjonskrisa var drøfta av representantar frå europautval i nasjonale parlament møttes på det såkalla COSAC-møtet i Luxembourg denne veka.