Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida
Johan Sverdrup.

«Når hans tur kommer [...] reiser han seg heftig, åpner munnen, og siden hverken ser eller hører man annet enn hva Johan Sverdrup sier. Ordene farer fra hans tunge som lyn, ofte hvasse og bitende.»

Johan Sverdrup – «far til parlamentarismen»

Johan Sverdrup kjempa for at «all makt» skulle samlast til debatt i Stortinget, og det førte til det første gjennombrotet for parlamentarismen i 1884.

Johan Sverdrup var på mange måtar den første, og den gongen den einaste, profesjonelle politikaren vår. Han levde av og for politikken. Dei lønte stillingane han hadde utanom stortingsvervet – direktør for Hypotekbanken og statsrevisor – var eit resultat av den politiske aktiviteten hans.

Sverdrup blei fødd 30. juli 1816, og blei utdanna jurist med beste karakter i 1841. Han jobba ei tid som sakførar i Larvik, før han i 1850 blei vald som stortingsrepresentant for Larvik og Sandefjord. Heilt frå den første stortingstida si søkte han eit nærmare samarbeid med bondeopposisjonen for å kunne løyse viktige saker som innføringa av juryordninga, vernepliktslov og næringspolitiske spørsmål.

Reformforeningen

I 1859 deltok Sverdrup i stiftinga av Reformforeningen, som var det første forsøket på å skape eit organisatorisk samarbeid mellom liberale byrepresentantar og bønder. Han blei snart leiar for den samla opposisjonen mot regjeringa, både i Stortinget og i folket. Innføringa av årlege storting i 1869 var viktig fordi Stortinget fekk betre moglegheiter til å øve innverknad på regjeringa og føre kontroll med kva ho gjorde. Tidlegare hadde Stortinget vore samla kvart tredje år.

Etter at opposisjonen hadde vunne valet i 1868, blei det i 1869 inngått ein allianse mellom Sverdrup og Søren Jaabæk, leiar for bøndene. Dermed var grunnlaget lagt for eit organisert venstreparti (sjølv om partiet Venstre ikkje blei offisielt stifta før i 1884). Det nye «partiet» ville kjempe for å redusere makta til embetsmennene.

«All makt» til Stortinget

Sverdrup hevda at «all makt» – det vil seie både regjering og storting – burde samlast i Stortinget til opne debattar. Då kongen nekta å godkjenne grunnlovsvedtaket om dette i 1872, blei det strid om vetoretten til kongen i grunnlovssaker.

Regjeringa og tilhengjarane i Stortinget hevda at kongen hadde absolutt veto i grunnlovssaker og dermed rett til å forkaste forslaget. Dei mest ytterleggåande i Stortinget meinte at kongen ikkje hadde veto i slike saker i det heile, ettersom det var nasjonalforsamlinga – representantane for folket – som i si tid hadde laga Grunnlova, og som hadde rett til å endre lova. I praksis lét partane kongen ha utsetjande veto som i vanlege lovsaker.

Riksrett

Grunnlovsforslaget frå opposisjonen blei vedteke med ein litt annan tekst i 1874, og den same grunnlovsteksten blei vedteken av Stortinget i 1877 og 1880 med aukande fleirtal. Kongen nekta likevel sanksjon kvar gong. 9. juni 1880 vedtok Stortinget at grunnlovsendringa skulle vere lov trass i sanksjonsnektinga til kongen. Av taktiske grunnar blei likevel ingenting gjort med saka før stortingsvalet i 1882 var halde.

Ved valet fekk venstretilhengjarane så stort fleirtal at heile Lagtinget kunne fyllast med venstremenn, og det var viktig med tanke på ei framtidig riksrettssak mot regjeringa. Riksretten bestod den gongen av Lagtinget (29 medlemmer i 1883) + Høgsterett (9 dommarar). Dessutan hadde venstretilhengjarane fleirtal i Odelstinget, som skulle vedta om det skulle reisast riksrettstiltale.

Stortinget gjennomførte riksrettssaka mot regjeringa Selmer i 1883/1884, og rettssaka enda med at dei fleste regjeringsmedlemmene blei frådømde embeta sine, og somme fekk bøter. Det var først og fremst ein politisk dom. Kong Oscar II prøvde å danne ei ny regjering, men måtte gi opp kampen mot stortingsfleirtalet etter eit par månader. 26. juni 1884 måtte kongen peike ut ei regjering (Venstre) under leiing av føraren for stortingsfleirtalet, Johan Sverdrup. Dermed hadde parlamentarismen fått sitt første gjennombrot i Noreg. 

Det tok likevel tid før det parlamentariske systemet blei allment akseptert – mellom anna blei Emil Stangs høgreregjering sitjande i 1893–1895 trass gjentekne mistillitsvotum frå Stortinget.

Les meir om parlamentarismen i utvikling.

Les meir om parlamentarismen i dag.

Striden om statsrådane og deira tilgang til Stortinget auka den politiske interessa i Noreg, og bidrog til at det blei danna politiske parti i den moderne tydinga av ordet. 

Johan Sverdrups regjering 1884–1889

Etter at Sverdrup var blitt statsminister, blei mellom anna fleire av reformkrava frå den tidlegare opposisjonen gjennomførte:

  • Stemmeretten blei noko utvida i 1884. Menn med ei viss minsteinntekt fekk stemmerett. Først i 1898 blei det gjennomført alminneleg stemmerett for menn, og i 1913 for kvinner.
  • Landsmålet (nynorsken) blei likestilt med riksmålet (bokmålet) i 1885.
  • Jurylova av 1887 gav lekfolk innverknad på rettspleia (i straffesaker).
  • Gifte kvinner blei myndige ved lov i 1888.
  • Folkeskolelova av 1889 innførte obligatorisk sjuårig folkeskole for alle og gav folkevalde organ ansvaret for både undervisninga og tilsetjinga av lærarar.

Johan Sverdrup blei møtt med store forventningar då han var blitt statsminister. Under slagordet «Tillit til Johan Sverdrup» hadde Venstre vunne ein ny valsiger i 1885. Trass i at mange av dei gamle merkesakene til Venstre blei tekne opp, blei vonbrotet stort. Den årelange politiske striden hadde vore dyrkjøpt for Sverdrup, som var 67 år, sjuk og sta. Sjølv ville han ikkje finne seg i det «stortingsregjereri» han sjølv hadde vore med på å leggje grunnlaget for.

Etter kvart som dei store og sameinande spørsmåla var løyste, blei samhaldet internt svakare. Etter kvart blei regjeringa òg oppfatta som meir konservativ enn partiet, og før neste val var Venstre «sprengt». Sverdrup sjølv mista populariteten, og blei av dei mest radikale i partiet sedd på som ein svikar som hadde fornekta ideala sine.

Motsetnader

I røynda var det djuptgåande motsetnader i partiet som kom til uttrykk. Skiljet mellom «byradikalerne» og bøndene kom tydeleg fram under mange saker, mellom anna i spørsmålet om diktargasje til Alexander Kielland. Regjeringa valde å halde seg utanfor striden, og deltok ikkje i debatten. Verdens Gang skreiv ironisk: «Hr. Johan Sverdrup var taus under behandlingen av Kiellands diktergasje. Dagen etter deltok hr. Johan Sverdrup med sedvanlig veltalenhet i debatten om en død kavalerihest.»

Stortingets Venstreforening blei sprengd i 1888, og fire statsrådar gjekk ut av regjeringa. Ved vala det same året deltok to venstreparti: «reine» og «moderate» Venstre. Høgre blei det største partiet i Stortinget, og Emil Stang danna ei mindretalsregjering av Høgre med støtte frå moderate Venstre. 

Einsam

Johan Sverdrups siste år etter at han måtte gå av som statsminister, var på mange måtar ein tragisk periode. Han var nærmast forlaten av alle. Han var blitt ein «ensom mann», som Sigurd Ibsen skreiv i 1892: «Av den personlighet der i sin tid rev tusener med seg, er der nå kun tilbake en psykologisk gåte.»

17. februar 1892 døydde Johan Sverdrup som ein einsam mann, men namnet hans vil alltid vere knytt til gjennombrotet for det parlamentariske systemet i Noreg.

Sist oppdatert: 16.10.2008 09:32
: