Munnleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Spørsmålet mitt går til samferdselsministeren. Folk brukar bil til kvardagstransport fordi det er vårt mest fleksible transportmiddel. Mange, særleg familiar, er avhengige av bilen for å kunne få kvardagen til å gå opp. Bilen står for meir enn 80 pst. av persontransporten. Også i byane har bilen stor betydning i transportsystemet. Trass i betydninga bilen har for transportfridom og varetransport i eit land med spreidd busetjing, har det alltid vore eit politisk og byråkratisk miljø som har jobba for å avgrense fridomen folk har til å velje bil. Eit skyhøgt avgiftsnivå på både kjøp, eige og bruk av bil har vore eit særmerke for Noreg. Nullvekstmålet vart etablert for å avgrense moglegheita folk har til å velje bilen som transportmiddel i byane. Tidlegare var det utslepp som var grunngjevinga. Etter at dei fleste no kjøper elbil, er det areal som er grunnen til inngrep. Ifølgje Miljødirektoratet kjøper folk for store bilar. Store bilar er trygge bilar, men sjølv ikkje dette skal folk ha fridom til å bestemme sjølv. Spørsmålet er rett og slett: Kvifor vil statsråden fortsetje med å innskrenke fridomen folk og næringsliv i byane har til å kunne bruke det mest fleksible transportmiddelet vi har? Det mest fleksible transportmiddelet er faktisk bilen.

Datert: 24.04.2024
Svart på: 24.04.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Spørsmålet mitt går til samferdselsministeren.

Folk brukar bil til kvardagstransport fordi det er vårt mest fleksible transportmiddel. Mange, særleg familiar, er avhengige av bilen for å kunne få kvardagen til å gå opp. Bilen står for meir enn 80 pst. av persontransporten. Også i byane har bilen stor betydning i transportsystemet. Trass i betydninga bilen har for transportfridom og varetransport i eit land med spreidd busetjing, har det alltid vore eit politisk og byråkratisk miljø som har jobba for å avgrense fridomen folk har til å velje bil. Eit skyhøgt avgiftsnivå på både kjøp, eige og bruk av bil har vore eit særmerke for Noreg.

Nullvekstmålet vart etablert for å avgrense moglegheita folk har til å velje bilen som transportmiddel i byane. Tidlegare var det utslepp som var grunngjevinga. Etter at dei fleste no kjøper elbil, er det areal som er grunnen til inngrep. Ifølgje Miljødirektoratet kjøper folk for store bilar. Store bilar er trygge bilar, men sjølv ikkje dette skal folk ha fridom til å bestemme sjølv.

Spørsmålet er rett og slett: Kvifor vil statsråden fortsetje med å innskrenke fridomen folk og næringsliv i byane har til å kunne bruke det mest fleksible transportmiddelet vi har? Det mest fleksible transportmiddelet er faktisk bilen.


Les heile debatten