Skriftlig spørsmål fra Kari-Anne Jønnes (H) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:2013 (2023-2024)
Innlevert: 08.05.2024
Sendt: 08.05.2024
Besvart: 14.05.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Kari-Anne Jønnes (H)

Spørsmål

Kari-Anne Jønnes (H): Hva er statsrådens vurdering av en eventuell kun «nett- og samlingsmodell» for utdanning av morgendagens lærere?

Begrunnelse

Ved Nord Universitet har en arbeidsgruppe nedsatt av rektor sett på hvordan tilbudene innen Master i grunnskolelærerutdanning (MAGLU) bedre kan samordnes og samkjøres mellom utdanningene og studiestedene. Arbeidet har gått siden høsten 2023 og arbeidsgruppen leverte sin rapport 05.04.24. Utfordringen med lave søkertall, behov for samordning og fokus på kvalitetsutvikling er adressert av arbeidsgruppen. Den/de nye modellene som foreslås svarer i stor grad på mandatet, og vil gi en bedre kapasitetsutnyttelse samtidig som det kan gi større studentgrupper gjennom samkjøringsmodeller. De lave søkertallene er likevel fortsatt en utfordring, og det må kontinuerlig vurderes hvor mange studietilbud som skal lyses ut. Etter at rapporten er levert er prognoser for den økonomiske situasjonen fra 2025 og fremover forverret. Dette tilsier at også økonomiske beregninger av konsekvenser av ulike modeller må gjøres før det besluttes hvilke MAGLU tilbud som skal utlyses fra 2025. Styret inviteres til å vedta bla. følgende:
Styret ber rektor om en vurdering av økonomiske konsekvenser ved utlysning av MAGLU både campus- og nett- og samlingsbasert modell, alternativt kun campus modell eller kun nett- og samlings modell.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: I Noreg skal vi ha utdanningar over heile landet som er tilgjengelege der folk bur. Vi opplever no store rekrutteringsutfordringar til lærarutdanningane landet over. Da er det særleg viktig å legge til rette for at alle som vil, og er kvalifiserte, kan ta utdanning, sjølv om dei ikkje har ein utdanningscampus i sitt nærområde.
Dei siste åra har vi sett at institusjonane har fått mykje erfaring med å legge til rette for samlings- og nettbaserte utdanningar. Vi ser også at desse utdanningane kan rekruttere betre enn dei campusbaserte tilboda. Ved Universitetet i Søraust-Noreg er det våren 2024 1,3 søkarar per studieplass til dei nett- og samlingsbaserte tilboda på Notodden. Til det campusbaserte tilbodet i Drammen var det til samanlikning 0,6 søkarar per studieplass. Til den fleksible nett- og samlingsbaserte grunnskulelærarutdanninga ved UiT – Noregs arktiske universitet var det i 2024 1 søkar per studieplass, medan den campusbaserte utdanninga hadde 0,6 søkarar per plass. Dette er ein trend vi har sett over nokre år.
I Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet viser eg til eit arbeid frå NIFU der det går fram at ein ikkje kan påvise forskjell mellom fleksible og ordinære lærarutdanningar når det gjeld fråfall og gjennomføring. Studentane på nett- og samlingsbaserte utdanningar får ofte svært tett og god oppfølging og tilrettelegging, og studentane er ofte modne og motiverte. På den andre sida er utdanningane ressurskrevjande og det er utfordringar med gjennomføring av praksis.
Eg meiner at nett- og samlingsbaserte utdanningar er eit godt supplement til campusutdanningar viss vi ser landet vårt under eitt. Det betyr ikkje at det er grunnlag for å gå bort frå campusmodellen, men eg oppfattar ikkje at det er det spørsmålet frå representanten gjeld.
Eg ønsker likevel ikkje å ha ei meining om korleis dei enkelte institusjonane skal tilby nett- og samlingsbaserte versus campusbaserte utdanningar. Eg veit at mange av universiteta og høgskulane slit med å rekruttere nok lærarstudentar. Då er det prisverdig at dei bruker det handlingsrommet dei har til å utvikle berekraftige tilbod. Eg finn det innovativt og konstruktivt, og samfunnet treng fleire lærarar.
Generelt vil eg åtvare mot at tilbod blir lagt ned permanent sjølv om rekrutteringa er vanskeleg nett no. Å byggje ned fagmiljø, kan få uønskte konsekvensar fram i tid, og vi må tenke langsiktig også i denne saka.