Skriftlig spørsmål fra Kari-Anne Jønnes (H) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:1982 (2023-2024)
Innlevert: 06.05.2024
Sendt: 06.05.2024
Besvart: 10.05.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel
Tilleggssvar: 14.06.2024

Kari-Anne Jønnes (H)

Spørsmål

Kari-Anne Jønnes (H): Viser til statsrådens svar på mitt spørsmål nr. 1909 (2023-2024) der han skriver : «Det har ikkje vore mogleg å skaffe talla tilbake i tid som stortingsrepresentant Kari-Anne Jønnes ynskjer innan dei fristane som Stortinget har sett for handsaming av spørsmål til skriftleg svar.»
Kan statsråden oversende tallene tilbake i tid slik jeg spurte om når han har fått oversikt?

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Eg er glad for at representanten viser interesse for tidsbruken for handsaming av søknader om akkreditering hos Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Eg takkar for å få meir tid til å finne tala. Kunnskapsdepartementet har retta spørsmålet om tidsbruken i handsaming av søknader om akkreditering av høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning vidare til NOKUT. Det er nødvendig med ein del manuell samanstilling av dokumentasjon for å finne dei tala som representanten ber om, noko som tek litt tid. Eg tek sikte på å sende utfyllande informasjon til representanten innan 14. juni 2024.

Tilleggssvar

Oppfølging av svar på spørsmål til skriftlig svar